DEBATT:
Refleksjonar om ei sosialarbeidarutdanning i endring
Sosionomutdanninga ved Nord universitet er 50 år. Det gir grunnlag for refleksjonar omkring utdanninga av sosialarbeidarar i fortid, notid og framtid.
Sosionomutdanninga har endra seg mykje på 50 år. I denne teksten reflekterer Rolv Lyngstad over utviklinga.
Colourbox
Saken oppsummert
Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens meninger. Du kan sende inn kronikkar og debattinnlegg til Fontene her.
Hausten 2024 hadde sosionomutdanninga ved Nord universitet 50-års-jubileum. I det høvet vart det arrangert eit seminar med fokus på det faglege innhaldet i utdanningane. Det har gitt grunnlag for refleksjonar omkring utdanninga av sosialarbeidarar i fortid, notid og framtid. Sjølv var eg med på oppstarten og har seinare hatt utdanningsspørsmål, undervisning og forsking om velferdspolitikk som det viktigaste arbeidsområde. Ettersom både synspunkt og standpunkt er påverka av standplassen vil mine refleksjonar vere merka av at eg er samfunnsvitar med eit langt yrkesliv innan sosialarbeidarutdanningane.
Målsettinga med å utdanne sosialarbeidarar er å gi samfunnet kunnskap og kompetanse som trengst for kunne hjelpe folk i ein vanskeleg livssituasjon. Både samfunnsforhold og ikkje minst forståingsmåtar, og det som med eit litt gammalmodig uttrykk kan kallast «tidsånda», verkar inn på innhaldet i utdanningane. Dette endrar seg over tid. Kva består desse endringane i, og har dette verka inn på utdanninga av sosialarbeidarar? Kva slags forståingsmåtar og utdanningsmessige utfordringar står vi overfor?
1970-talet var ei tid da det vart sett spørsmålsteikn ved etablerte sanningar. Dei store barnekulla som vart født etter krigen, saman med gode studieordningar, gjorde at mange tok til å studere. Ungdomsopprøret som starta i Paris våren 1968, fekk etter kvart fotfeste også i Noreg. På universiteta vart «1968-arane» stadig meir høgrøysta, dei var svært debattsterke og derfor til dels dominerande. Det oppstod «frontar» og aksjonsgrupper av ulikt slag. Først og fremst på universiteta, men også i kulturlivet og organisasjonssamfunnet elles. Styresmakter og autoritetar av ulikt slag vart utfordra og måtte grunngi sin posisjon og status. Etablerte profesjonar som juss og samfunnsøkonomi måtte gi plass til sosiologiske og statsvitskaplege forklaringsmåtar.
Det vart stilt spørsmålsteikn ved etterkrigstida si tru på planøkonomi og teknokrati som hjelpemiddel. Ein var kritisk til sentraliseringstendensane i samfunnet og populismeomgrepet vart meir eit honnørord enn eit skjellsord. Positivismekritikken, som Hans Skjervheim var den fremste talsmann for, framstilte teknokratiske løysingar og sosialøkonomiske forståingsmåtar som verdimessig tilslørande. Det vart meir og meir vanleg å forstå samfunnsproblem som samfunnsskapt og ikkje verken gudgitt, naturbestemt eller individforklart. Ein hevda at sosiale problem hadde med politikk og samfunnsstrukturar å gjere. «Gullalderen» i norsk sosiologi (med Vilhelm Aubert, Niels Christie, Yngvar Løchen, Thomas Mathiesen, Ottar Brox i spissen) var i ferd med å etablere seg og samfunnsvitskaplege fag fekk veksande gjennomslag.
Da som no var det offentleg debatt omkring velferdsordningane. Tilløp til misbruksdebatt vart tilbakevist gjennom samfunnsvitskaplege granskingar som konkluderte med at hovudproblemet snarare var underforbruk og ikkje misbruk. Det vart påvist at mange gjekk glipp av berettiga trygdeytingar rett og slett fordi dei ikkje hadde kunnskap om sine rettar. Det vaks fram ei gryande erkjenning av at hjelp i vanskelege livssituasjonar var/burde vere ei lovfesta rett og ikkje sjåast på som «veldedigheit» frå ein raus stat. Velferdsstaten skulle yte hjelp «utan at mottakarane måtte stå med lua i handa og gråten i halsen». Den litt gammalmodig veldedighetstankegangen vart nedtona som sosialpolitisk verkemiddel. Universelle ordningar vart framheva framfor selektive fordi universelle ordningar reduserer stigmatisering av mottakarane. Men samtidig vart det understreka at saman med retten til hjelp følgde det ei plikt til å arbeide. Parallellen til dagens velferdspolitiske debatt er slåande også på den måten at omgrepet «snillisme» vart brukt for å antyde at ein del velferdsordningar kanskje er for rause. Etter kvart vart også «arbeidslina» eit viktig prinsipp i sosialpolitikken.
Hovudtrekket ved utviklinga er like fullt at dei samfunnsvitskaplege forståingsmåtane fekk stadig større gjennomslag. Fag som «trygdesosiologi» som vektla årsakene til trygding og hjelpebehov, vart introdusert. Undervisninga skulle vere «problembasert» utan nødvendigvis at problemoppfatninga var individforklart. Omgrepet «ressurssvak» vart følgjeleg erstatta med omgrepet «underprivilegert» når ein omtala stønadsmottakarar, og tiltaka som ein ønska å gjennomføre for å hjelpe, skulle vere «ressursorientert» og mindre «problemorientert». Også omgrepa som vart brukt for å omtale dei som fekk hjelp frå styresmaktene var i endring. Omgrepa varierte etter kva slags type hjelp eller stønad det var snakk om (stønadsmottakar, pasient, klient, kunde, brukar osv.). Etter kvart vart brukaromgrepet det mest vanlege å bruke.
I utdanningssamanheng hadde undervisninga i stor grad vore prega av ein psykodynamisk forståingsmåte der individet sto i sentrum. No vart det meir og meir vanleg å sjå på sosiale problem som samfunnsskapte og følgjeleg noko som måtte løysast gjennom politiske og strukturelle tiltak. Dette fekk også konsekvensar for kva slags fag ein la vekt på i undervisninga. Ulike samfunnsvitskaplege fagtilnærmingar fekk veksande betydning. Faget sosialt arbeid med sine undergrupper individuelt sosialt arbeid, sosialt gruppearbeid og samfunnsarbeid hadde tradisjonelt blitt definert som dei klart viktigaste. Det var sjølve «hovudfaget (metodefaget)» som måtte bli supplert med ei rekke «støttefag (grunnfag)». Mange var opptatt av profesjonsidentiteten til faget sosialt arbeid og ein var redd for at dersom andre faggrupper fekk for stor innverknad ville identiteten bli svekka. Dette var ein av årsakene til at den nye sosionomutdanninga ved Nordland distriktshøgskole i si tid vart boikotta av fagorganisasjonen.
I dag ser ikkje dette lenger ut til å vere ei problemstilling som skaper strid. Både fag og profesjon er godt etablert, og mange fag inngår som nødvendige kunnskapsgrunnlag for å utøve yrket på ein god måte. Dette har ført til at undervisninga er meir tematisert og mindre disiplinbasert. Dette er tidkrevjande og har sett nye krav til dei fagleg tilsette om samarbeid om undervisningsoppgåvene. Dette har også samanheng med ei veksande erkjenning av at brukarane har samansette behov som krev ei heilskapleg tilnærming til både problemforståing og løysingstiltak. Det verka nok også inn at ei rekke velferdspolitiske reformer vart vedtatt og implementert. Reformer som kravde samordning og koordinering av både tiltak og fagpersonalet. Innan helse- og omsorgssektoren var dette særleg tydeleg gjennom den avinstitusjonaliserings- og normaliseringspolitikken som vart ført.
Ut over 1980-talet vart det etterlyst samordning og sterkare og betre samhandlingskompetanse av yrkesutøvarane. Leon-prinsippet (tenester burde leggast til det lågast effektive omsorgsnivå) vart trekt fram som eit ideal. Dette førte til at stadig fleire tenester vart lagt til det kommunale vedtaksnivået der velferdstiltak måtte konkurrere med andre gode formål om pengar og ressursar. Denne kommunaliseringa av viktige helse- og sosialpolitiske tenester gjorde det nødvendig å gi studentane innsikt i kommunale vedtaksprosessar. Dette var ein føresetnad for at ønsket om brukarmedverknad kunne ha håp om å lykkast.
Summert opp kan ein seie at det som først og fremst kjenneteikna dei siste tiåra av førre hundreår var gjennomslag for samfunnsfaglege (særleg sosiologiske og statsvitskaplege) forståingsmåtar av arbeidsfeltet til sosialarbeidarar. Dette gjorde oppgåvene kompliserte og kravde ei heilskapleg tilnærming og problemforståing. Brukarperspektiv vart eit honnørord og samordning av tenester og god samhandlingskompetanse stod fram som viktig for god profesjonsutøving. Fokuset på brukarane sine behov og rettar gjorde at vi fekk ei stadig sterkare rettsleggjering av tenestene. Dette innebar at visse ytingar og tenester vart lovfesta og på denne måten mindre gjenstand for politisk skjønn. Dermed auka behovet for juridisk kompetanse i utdanningane samtidig som problemstillingar knytt til forholdet mellom lovheimla individuelle rettar og betydninga av lokalpolitisk skjønn vart sett på dagsorden i utdanningane. Prinsippet om like eller i det minste likeverdige rettar ut frå nasjonale likskapsverdiar kunne komme i konflikt med lokalpolitiske fridomsverdiar. I velferdspolitikken vart det reist spørsmål om kor mykje ulikskap i tenester og ytingar ein kan akseptere i lokaldemokratiets namn.
Tendensen til å rettsleggjere velferdspolitikken vekte også interesse hos maktforskarane. Mens den første maktutgreiinga som starta arbeidet på 1970-talet, var mest opptatt av media og organisasjonane sin veksande makt og innverknad politikken, var den andre maktutgreiinga som kom kring tusenårsskiftet, meir opptatt av korleis fokuset på individets juridiske rettar i samfunnet kunne redusere dei folkevalde si makt og innverknad i samfunnet. «Stemmeseddelens politiske kjøpekraft vart mindre» vart det sagt og maktforskarane hevda at folkestyret stod i fare for å forvitre. Denne oppfatninga blir sett på spissen dersom tilslutninga til internasjonale juridiske konvensjonar innan velferdssektoren overprøver demokratisk og politisk skjønnsutøving på kommunalt nivå.
Samtidig vart det stadig oftare hevda at det offentlege sitt ansvar for velferda i samfunnet var i ferd med å bli for stor. Dei offentlege utgiftene hadde «nådd taket» og framleis vekst var ikkje lenger berekraftig vart det sagt. Både meir bruk av marknadsløysingar og involvering av frivillige (familie og frivillige organisasjonar) vart trekt fram som alternativ til velferdsstatsløysingar. På denne måten skulle omgrepet «velferdssamfunn» bli meir treffande enn omgrepet «velferdsstat». New Public Management vart introdusert som eit verkemiddel for å effektivisere tenestene. Det innebar at ein i stadig større grad måtte ta ibruk styringsprinsipp og verkemiddel frå privat sektor i offentleg oppgåveløysing. Mellom anna vart den såkalla «bestiller -utførar»-modellen tatt i bruk. Det innebar at det offentlege bestilte og betalte ei teneste som private tilbydarar utførte.
Denne tendensen til å trekke lærdom frå privat sektor i løysinga av offentlege oppgåver skjedde parallelt med auka fokus på individet og individualisering som løysingsstrategi for samfunnsproblem. Privatiseringspolitikken og marknadstenking etter inspirasjon frå Reagens USA og Thatchers Storbritannia var tydeleg. Partipolitisk førte dette til at vi fekk fleire borgarlege regjeringskonstellasjonar ut over 1980- og 1990-talet. Det er vanskeleg å påvise at dette førte til direkte endringar i undervisningsinnretninga, men det påverka overordna tenkemåtar og reiste problemstillingar som gjorde at velferdssamfunn vart eit meir treffande omgrep enn velferdsstat.
Problemstillingar som dette reiste kan illustrerast gjennom følgjande figur:
Trekanten illustrerer velferdsoppgåvene i samfunnet. Oppgåvene kan løysast/varetakast gjennom 1) det offentlege (i hovudsak stat og kommune), 2) familie/frivillige organisasjonar eller 3) gjennom marknadsmekanismar. Det største politiske og faglege stridsspørsmålet har tradisjonelt vore kor store dei tre sektorane skal vere. Litt forenkla kan ein hevde at partia til venstre vil ha eit omfattande offentleg ansvar, partia til høgre baserer seg i større grad på marknadsløysing, mens partia i midten gjerne argumenterer fram familien og frivillige organisasjonar som dei viktigaste velferdsytarane.
Ei oppfatning som stadig fleire ser ut til å trekke fram er at oppgåvene må løysast gjennom eit samspel med fleire aktørar innan og mellom alle tre sektorar. Dette blir illustrert gjennom gråsonene i trekanten. Gjennom ei rekke faglege og politiske utgreiingar vart det understreka at samfunnet er så komplekst og utfordringane så kompliserte at dei vanskeleg kan løysast berre gjennom tiltak i ein av sektorane. Oppgåvene krev samarbeid, samhandling og samordning mellom ei rekke aktørar i samfunnet. I den politiske vedtaksprosessen vart omgrepet samstyring eit honnørord som stadig fleire tok i bruk. Og i utdanningsinstitusjonane vart samhandlingskompetanse eit viktig undervisningsmål.
I tillegg til desse to viktigaste temaa; kor omfattande skal dei ulike sektorane vere og kva slags samhandlingsbehov finst i gråsonene, illustrerer også trekanten andre felt der ingen av sektorane har eit ansvar. Det kan vere oppgåver og behov som samfunnet har oversett eller oppfatta som uaktuelt å løyse, eller heilt nye oppgåver og utfordringar som spring ut av heilt nye problemstillingar som ein i dag ikkje har oversikt over.
Til slutt i denne teksten vil eg derfor reflektere over og til dels spekulere i kva slags utfordringar velferdsstaten står overfor i tida som kjem. Ein del av desse utfordringane knyt seg til det vi kan kalle endringar i forståingsmåtar. Enkelte har til og med omtalt desse endringane som paradigmeskifter eller endringar i tidsånda. Eg vil hevde at dette er endringar som heilt sikkert kjem til å prege samfunnsdebatten og som etter kvart også vil nedfelle seg i diskusjonar og kanskje også krav om å endre innhaldet i sosialarbeidarutdanningane.
Generelt og ideologisk synest den viktigaste trenden å vere den politiske høgredreiinga i samfunnet. Dette gjeld særleg i USA og mange av dei europeiske landa (med eit viktig unntak av Storbritannia der Labour fekk eit stort fleirtal ved valet sommaren 2024). Situasjonen i ikkje-vestlege land er for uoversiktleg til å seie noko kategorisk om tendensar langs ei tradisjonell høgre-venstreakse. Særleg ungdommen ser ut til å orientere seg mot typiske høgrestandpunkt der mange ser på velferdsstaten som paternalistisk og offentleg styring som uttrykk for ein formyndarstat. Ein hevdar at avvik frå det politisk korrekte blir «kansellert». For velferdspolitikken kan dette komme til å innebere at den sterkare vektlegginga av individet og trua på at «ein kvar er sin eigen lykkes smed» vil føre til ein politikk der former for individualisering blir den foretrukne løysingsstrategien på samfunnsproblem.
Det typiske venstresidestandpunktet om at «det er dyrt å vere fattig» og at staten derfor må utvikle velferdsordningar som skal kompensere for det faktum at goda i samfunnet generelt er ulikt fordelt (slik sosiologen Vilhelm Aubert ein gong formulerte det), blir vanskelegare å forsvare. Det er lett å tenke seg at denne endringa i «tidsånda» også vil virke inn på forståingsmåtar som blir formidla ved læreinstitusjonane. I siste instans kan dette føre til at kanselleringsdiskusjonen blir snudd på hovudet gjennom at det politisk korrekte blir individfokuset og trua på marknaden som løysingsstrategi, og kollektive fellesskapsløysingar blir kansellert som politisk ukorrekt. I ein slik situasjon blir det vanskeleg å oppretthalde ein omfattande og omfordelande velferdsstat/velferdssamfunn.
Ein annan tendens i tida er at nasjonalistiske strømningar ser ut til å få aukande oppslutning. Det har klart slektskap med den første tendensen. «Først meg sjølv, så meg sjølv, så min neste dersom det er til mitt eige beste». Dette munnhellet kan brukast både på individ og samfunnsnivå. «America first» og «Make America Great Again» var typiske nasjonalistiske slagord som gav Trump valseieren i USA. Det same skjer i ei rekke andre land. Ofte er slagorda kopla opp i mot frykt for innverknad frå framande kulturar. Ein ser ut til å vere redd for kulturell mangfald og framandarta veremåtar og ytringsformer. Dette taper både kulturlivet og samfunnet i stort på. Og når ekskludering erstattar inkludering som kulturelt og velferdspolitisk honnørord vil det gjere det vanskelegare å lukkast med flyktning- og innvandrarpolitikken.
Integreringa stoppar opp og ein risikerer etablering av framandgjorde gettoar i byområde. Dette blir sjølvsagt ytterlegare forsterka gjennom den veksande flyktningstraumen mellom land. Potensielt kunne ein raus innvandrings- og flyktningpolitikk vere til fordel både for arbeids- og kulturliv, men framveksten av nasjonalistiske parti gjer dette vanskeleg.
Ein variant av dei nasjonalistiske strømningane er den såkalla postliberalismen som er meir skeptisk til liberalismen si tru på marknaden og individet som problemløysar, men som er opptatt av tradisjon, familie og tette sosiale band mellom medlemmer i ei gruppe. I så måte minner det mykje om kommunitarisme som også legg vekt på fellesskap og normdannande strukturar i sosiale miljø. Felles for alle desse nasjonalistiske retningane er at ein undervurderer det positive og verdifulle i den kulturelle smeltedigelen som oppstår når folk frå ulike land og kulturar møtest og samhandlar. Utfordringa er sjølvsagt at ulikskapen blir så stor at samhandling blir umogleg.
Begge desse overordna tendensane som er trekt fram her, individualisering og nasjonalisme, skjer i eit kommunikativt rom i endring. Rett nok har vi fått eit mangfald av medium og kommunikasjonsmåtar som er bra, men som også gir høve til einsretting. Mange hevdar at meiningsdanninga i dag i stadig sterkare grad skjer innan ekkokamre. Særleg i USA er dette eit problem. Folk skaffar seg informasjon og dannar seg meiningar gjennom informasjonskanalar som ein i utgangspunktet har tillit til og er einig i. Dermed blir både faktagrunnlaget og meiningsdanninga einsidig, og i den grad det går føre seg diskusjonar går føre seg det mellom meiningsfellar. Problemet er altså ikkje sensur og straffeforfølging av avvikande meiningar slik det er i diktatur og autokratiske land, men at ein frivillig vel bort alternative informasjonskjelder og synspunkt. Det gir sjølvsagt eit snevert og lite konstruktivt debattklima som fungerer kontraproduktivt dersom målet er å finne gode løysingar på samfunnsproblem.
I ein situasjon der meiningsdanning og politikkutforming i stadig sterkare grad skjer i ekkokammer vil såkalla fake news lett få fotfeste fordi alternative informasjonskjelder blir valt bort. Dette blir ekstra utfordrande fordi bruk av kunstig intelligens kan lett gjere falske artiklar, videoar og bilete truverdige og på den måten underbygge oppfatningar som ikkje er basert på fakta. Resultatet blir at såkalla alternative fakta basert på falske nyheiter rår grunnen åleine og dannar grunnlaget for politikkutforminga i samfunnet. Her er det viktig å understreke at dette problemet dreier seg om faktagrunnlaget og ikkje usemje om verdigrunnlaget som ligg til grunn for avgjerdene. Strid om verdiar og usemje om verdifordelinga er eit kvalitetskjenneteikn ved eit demokratisk samfunn. Problemet oppstår når striden ikkje er basert på fakta.
Summert opp vil eg hevde at samfunnsfaga sine inntog i utdanningane mot slutten av førre hundreår har nødvendiggjort ei faktabasert problemskildring. Dette har no blitt utfordra gjennom teknologiske nyvinningar som opnar for «alternative fakta», ofte basert på «fake news». Kombinert med meiningsdanning i ekkokammer er dette farleg. Særleg for sosialarbeidarutdanninga er det viktig – no som før – å stille spørsmål ved om dei gamle ordtaka nødvendigvis har rett når det blir hevda at «ein kvar er sin eigen lykkes smed» og «det er dyrt å vere fattig». Eller har dette noko med politikk og samfunnsstruktur å gjere? Både samfunn, meiningar og teknologi er i endring, men sosialarbeidarutdanningane må halde fast på at svaret på det siste spørsmålet er ja. Kanskje er det også på tide å revitalisere den internasjonale sosialarbeidaretikken som sterkt understrekar menneskeverd, rettferd, solidaritet og sosialt ansvar gjennom samfunnsendring.
Flere saker
OLJEDEBATT: Det er uenighet om petroleumspolitikken innad i LO. På LO-kongressen i mai skal organisasjonen vedta ny politikk.
Erlend Angelo
To LO-forbund vil stanse all ny oljeleting
LO Media
Disse sosialarbeiderne skal være med på å bestemme LOs politikk
BRUDD: LO Stat-leder Elisabeth Steen ble ikke enig med staten i forhandlingene, og statsoppgjøret går for deres del til mekling.
Ole Palmstrøm
Statsoppgjøret: LO Stat går til mekling. De tre andre enige med staten
BLE IKKE ENIGE I FORHANDLINGENE: – Kommunesektoren er avhengig av hele laget av ansatte. Derfor har vi vært tydelig i vårt krav om at de også skal sikres økt kjøpekraft i årets oppgjør, sier Mette Nord.
Alf Ragnar Olsen
Brudd i kommuneoppgjøret. Fare for storstreik
Lisbeth Norshus fra FO Oslo er fornøyd.
Hanna Skotheim
Minst 20.100 kroner mer til ansatte i Oslo kommune
Marit Isaksen skal lede FOs delegasjon på LO-kongressen neste uke.
Hanna Skotheim