JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

Fjord vil svekke tilliten til barnevernet

Filmen Fjord er basert på barnevernssaker over ti år tilbake i tid. Den mest omtalte er fra 2015, da Naustdal kommune akuttplasserte fem barn i fosterhjem fra den norsk-rumenske familien Bodnariu.

Filmen Fjord er basert på barnevernssaker over ti år tilbake i tid. Den mest omtalte er fra 2015, da Naustdal kommune akuttplasserte fem barn i fosterhjem fra den norsk-rumenske familien Bodnariu.

Eye Eye Pictures

Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens meninger. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til Fontene her.

Saken oppsummert

Vi håpa at Fjord skulle gi eit nyansert bilete av ei kompleks barnevernssak. Dessverre blir barnevernet nok ein gong framstilt som ein instans utan fagleg integritet.

Jobbar med barnevern og miljøterapi, men skriv som privatpersonar

Vi hadde eit håp om at filmen Fjord skulle framstille eit nyansert bilete av ei kompleks barnevernssak. Vi hadde eit håp om ein film som ville framstille ei realistisk historie. Dessverre har vi no atter ein gong opplevd at Barnevernet blir framstilt som ein instans utan fagleg integritet.

I dagens samfunn er det norske barnevernet allereie sett på som ein instans ein ikkje kan stole på. Dette er den allmenne oppfatning til folk både i inn- og utland. Det norske barnevernet har fått eit rykte som skaper ein fryktkultur, noko som igjen fører til at sårbare barn og familiar ikkje tør å be om og å ta i mot hjelp. Fjord har no bidratt til å styrke denne forutinntatte (mis) forståelsen, fri frå nyansar og heilskapleg kunnskap og informasjon om korleis barnevernet jobbar.

Fjord har gitt innbyggjarane i Noreg ein stadfesting på at barnevernet er ein farleg instans som berre er ute etter å utøve makt. Fjord har bidratt til å styrke den aukande tanken om at barnevernet manglar fagleg kompetanse, kunnskap og tyngde for å gjere ein jobb i tråd med norsk lovverk.

Resultatet av dette er enda meir svekka tillit, enda fleire som ikkje får eller tør å ta i mot den hjelpe dei har rett på og erfarne og engasjerte tilsette i barnevernet som sluttar i jobben fordi motstanden og kritikken blir for tung å stå i over tid. Personleg sjikane mot tilsette i barnevernet er eit allereie utbreidd problem, og med ein film som Fjord, vil ikkje dette avta.

Kven skal tørre å stå opp for barnevernet? Kven tør å framsnakke barnevernet? Kven fortel om dei suksessfulle sakene kor så mange barn og familiar får den hjelpa dei skal ha og får det betre? Korleis kan ein film om ei sak frå 2015 belyse barnevernet i 2026? Utan å ta omsyn til endring i både lovverk og prosedyrar?

Som regissør av ein film med denne tematikken har ein eit stort samfunnsansvar med tanke på det ein formidlar ut til sjåarane sine. Ein film om barnevernet trekkjer til seg eit stort publikum. Om filmen då er feilaktig i si framstilling av partane i saka, om der er noko som helst tvil om det er rett eller urett framstilling av ei sak av så stor betydning, så bør dette òg stå i klartekst i filmens introduksjon.

Som barnevernsarbeider arbeider ein ikkje for å splitte familiar, ein arbeider for at familiar skal halde saman. Utan dette hadde ingen klart å stå i jobben.

Så; historier om barn og familiar som blir skadelidande og ikkje får den hjelpa dei treng, fordi dei føler frykt og ikkje tillit til barnevernet, dei historiene kan no både regissøren, Graver og Ottmar ta del i å bere på sine skuldrer. Saman med aviser og medier, som deler same haldning: clickbait er målet, ikkje å få fram eit realistisk innhald.

Vi har sett filmen og kan rose den for flott naturfilming og fine menneskemøte, men elles er vi særs urolege for den historia som vert presentert. Ikkje berre på vegner av barnevernet men også skule og korleis det norske samfunnet vert presentert.

At regissør Mungiu ikkje tek side er noko han formidlar munnleg, for det er lite tydeleg i filmen. Og ja, eit kritisk blikk på vår eigen praksis og at vi ikkje alltid har rett og at det kan skje feil og overtramp er viktig. Det har skjedd og skjer mykje på forsking og fokus på kvalitet i feltet vårt og vi blir aldri utlært.

Nei, gi oss Pørni! Den serien gir eit mykje meir realistisk bilete på kva saker vi kan stå i. Mungiu sa frå innlegget sitt på scena i Ålesund at han gjerne vil ha tilbakemelding på Instagram. Dette blei for langt til å legge inn der, så vi deler heller våre synspunkt her.