Fleire barn kan no få fosterheim i nærmiljøet, lover barneministeren
Mange barn i dag får fosterheim langt vekke, ifølge barne- og familieminister Kjersti Toppe. Slik vil ho motverke det.
Rett over nyttår kjem ei ny forskrift om fosterheimar. På same måte som lover, er forskrifter også bindande både for borgarane og styresmaktene.
Forskrifta om fosterheim fører i stor grad vidare reglane som gjeld i dag.
Men ho har også nokre nye reglar.
Fosterheim i nærmiljøet
Det blir mellom anna gjort tydeleg at barnevernstenesta skal streva etter å velje fosterheim i nærmiljøet til barnet, så framt omsynet til barnet ikkje taler imot dette.
Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) skriv i ein epost til Fontene at dei fleste barn som må flytte i fosterheim, føretrekker å flytte til nokon dei kjenner frå før, eller i nærleiken av der dei allereie bur.
Toppe meiner at det er eit stort potensial for at enda fleire barn kan gjere nettopp det. Utgangspunktet er at ho er uroa for at mange barn i dag får fosterheim langt vekke, som denne endringa skal motverke.
– No skal det leggjast til rette for at barn kan halde fram med å bu i sitt eige nærområde, når dette er mogleg og til barnets beste, seier barne- og familieministeren.
Det er viktig, understrekar Toppe, for dette handlar om sårbare barn og unge som har vore utsett for omsorgssvikt og brot i relasjonar, og da er behovet for tryggleik og stabilitet ekstra stort, presiserer ministeren.
– Det å flytte ut av heimen er allereie ei stor omvelting, og barnet eller ungdommen bør få sleppe å oppleva den belastninga det ofte er å byte skule og forlate venner og fritidsaktivitetar.
Same skuleklasse og fotballtrening
Så langt det er mogleg og til barnet sitt beste må barn ifølge barne- og familieministeren få ein fosterheim i nærleiken av der det bur, slik at dei kan halda fram i skuleklassen sin, gå på fotballtreninga som vanleg og få hjelp frå ein behandlar dei kjenner dersom dei treng det.
– Vi må byggje på dei positive relasjonane barna har i livet sitt, sjølv om dei har opplevd eit brot i næraste familie. Mange barn seier ofte sjølv at dei ønskjer dette, seier Toppe.
I tillegg til at dette no blir gjort tydeleg i ny fosterheimsforskrift, har regjeringa gitt midlar til statsforvaltarane for å styrkje arbeidet med å følgje opp, rettleie og vere pådrivar i kommunane sitt arbeid med å rekruttere fosterheim i familie og nettverk.
Det skjer ifølge departementet mellom anna gjennom moglegheita for familieråd. I tillegg har Bufetat tidlegare fått i oppdrag å utvikle systematisk samarbeid med kommunar som har låg del av plasseringar i fosterheim i barnets familie eller nettverk.
– Sjølv om familie- og nettverksplasseringar ikkje alltid skjer i barnets fysiske nærmiljø, er dette heller unntaket enn regelen, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.
Glede, og kritikk
Jenny Marie Gulbrandsen er styreleiar i Organisasjonen for barnevernsforeldre (OBF). Ho synest den nye forskrifta er tydeleg og klar.
– Den fastset det OBF har etterlyst i lang tid: Økt bruk av familie, nettverk og nærmiljø i rekruttering av fosterheim. Dette er vi glad for at nå blir tydeleg presisert i forskrifta, jublar Gulbrandsen.
Men styreleiaren kjem ikkje berre med skryt til barne- og familieministeren.
Organisasjonen for barnevernsforeldre skulle ønske at den nye forskrifta også stilte krav om å sjå på barnet si kulturelle eller religiøse tilknyting i rekruttering av fosterheim, sjølv om dette er nemnt under tilsyn og oppfølging.
OBF meiner i tillegg at det er viktigare å halde på og føre vidare erfarne fosterheimar framfor omfattande rekruttering av nye.
– Vår erfaring er at mange uerfarne fosterheimar gir opp etter kort tid, og dette fører til ny flytting av barnet. Med betre vilkår og oppfølging av etablerte fosterheimar kan desse «gjenbrukast» når barn flytter ut eller blir tilbakeført. Då kan vi få bygd opp solid kompetanse og erfaring i fosterheimane, seier Gulbrandsen.
Ukraina: – Litt spesielt
Ukraina er omtalt spesifikt i den nye forskrifta. Det synest Jenny Marie Gulbrandsen i Organisasjonen for barnevernsforeldre er spesielt.
«Når det som følge av et høyt antall ankomster til Norge av personer fordrevet fra Ukraina er nødvendig for at barnevernstjenesten skal kunne prioritere sine oppgaver på en formålstjenlig og forsvarlig måte, kan antall oppfølgingsbesøk jf. første og tredje ledd, reduseres til minimum to ganger i året selv om barnet har vært plassert i fosterhjemmet i mindre enn to år», står det i den nye forskrifta.
– Eg kjenner ikkje bakgrunnen for at barn frå Ukraina er særleg nemnt som årsaker som kan gi grunnlag for færre tilsyn og liknande, men det verker litt spesielt at man har nemnt Ukraina spesifikt.
Gulbrandsen påpeiker at Noreg kan komme til å ta imot barn frå mange ulike krigs- eller kriseramma land i framtida.
– Det verker litt kortsiktig å ta fram Ukraina spesielt, seier ho.
FO: – Løyser ikkje dei største utfordringane
Fellesorganisasjonen (FO) skriv i sitt høyringssvar til ny fosterheimsforskrift at ny forskrift ikkje løyser dei største utfordringane på fosterheimsfeltet.
Likevel: FO skryter av den nye fosterheimsforskrifta.
– Det er positivt at det kjem tydelegare fram mellom anna kva som er barnevernstenesta og fosterforeldra sitt ansvar.
Norsk Fosterhjemsforening har rundt 3000 fosterfamiliar som medlemmer. I høyringssvaret til ny fosterheimsforskrift er det mange punkter som foreininga applauderer.
Men dei har også fleire kritiske merknader:
«Forslag til forskrift har et søkelys på regulering av fosterforeldres forpliktingar. Fosterforeldres rettar er imidlertid i liten grad regulert», skriv foreininga.
Generalsekretær Tone Granaas seier til Fontene at kritikken står ved lag.
– Denne nye forskrifta må sjåast på som midlertidig, seier ho.
Granaas presiserer at mykje må gjerast for å rekruttere nok fosterheimar.
– Eg ser fram til fosterheimsmeldinga som regjeringa skal legge fram neste år. Og kvalitetsreforma i barnevernet, som kjem. Og så skal departementet sjå på avtaleverket for fosterheimar.
Nærmiljø trumfe religiøs bakgrunn?
Fontene har spurd barne- og familieminister Kjersti Toppe om geografisk nærleik no skal trumfe kulturell eller religiøs bakgrunn.
– Nei, forskrifta er tydeleg på at barnevernstenesta skal ta omsyn til barnet si etniske, kulturelle, språklege og religiøse bakgrunn ved val av fosterheim. Den nye presiseringa endrar ikkje på det, svarer Toppe.
Det medfører ifølge ministeren at barnevernstenesta må vurdere om desse omsyna kan varetakast i barnet sitt nærmiljø.
– Det må bli ei konkret vurdering av kva som i det enkelte tilfelle er best for barnet.
– Eg ser ikkje noko krav om at barnevernstenesta skal dokumentere at dei har «tilstrebet», korleis kan ein då vite at dei har gjort akkurat det?
– Barnevernstenesta har ei plikt til å dokumentere sine faglege vurderingar. Det gjeld òg vurderingar knytt til geografisk plassering, og om nokon i barnets familie eller nære nettverk kan bli fosterheim.