Brukar du ditt eige liv, kan relasjonen verta lærerik for begge partar
Då kan me nerma oss den innsikta som er så avgjerande for god hjelp mellom menneske og medmenneske.
Talemåtar og liksom-åtferd fungerer beint fram dårleg i ein så sensitiv situasjon som det er å møta psykiatrien, skriver Jarle Tufte i dette debattinnlegget.
Priscilla du Preez/Unsplash
Saken oppsummert
Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens meiningar. Du kan sende inn kronikkar og debattinnlegg til Fontene her.
Eg tenkjer på interesse, innleving og innsikt. Og eg tenkjer på kor viktig desse i-ane var i dei tretten åra eg arbeidde i psykiatrien. Mest på ein post som skulle hjelpa unge menneske som hadde gått seg fast i liva sine, men også på akuttpostar og langtidspostar for andre hjelpebehov.
Alle som kom til psykiatrien for hjelp, kom der med heile liva sine. Det var aldri berre eit konkret avgrensa diagnostiserbart problem. Difor kom interessa for dette livet så vel med når me møttest i desse så spesielle omgjevnadene for personen det gjaldt.
Ope sinn og verkeleg interesse opna for truverd i alt som kunne gjerast for å hjelpa. Talemåtar og liksom-åtferd fungerer beint fram dårleg i ein så sensitiv situasjon som det er å møta psykiatrien. Truverd kunne dannast gjennom det enkle og venlege i omtanke for basale behov, til tanke og ei utstrekt hand i den relasjonen du gjekk inn i.
Eit slikt truverd i relasjonen opna for innlevelsen som er så viktig når du skal vera til hjelp for andre i deira liv. Om du brukar ditt eige liv med vit og forstand, så kan denne relasjonen verta tovegs og lærerik for begge partar i relasjonen.
Då kan me nerma oss den innsikta som er så avgjerande for god hjelp mellom menneske og medmenneske.
Alle dei tre i-ane kunne forklarast med eksempel i det uendelege. Å ja, eg veit også om mangt som tykkjest stå i vegen for å tenkja i desse banar i møta mellom hjelparar og pasientar i psykiatrien.
Det handlar om psykosar som gjer kvar og ein relasjonstanke så vanskeleg, og om rusen sitt totale fangenskap utan gitter og sprinklar.
Eit lite, forunderleg døme til slutt. Det er frå akuttpost. Ein mann i 60-åra kjem ut frå rommet sitt i sekstida om morgonen (før natterotida er over). Han er rastlaus og finn ikkje ro ute av rommet sitt heller.
Vaktansvarleg sjukepleiar ser det og kunne ha formana han til å halda seg på rommet, eller tilbydd meir roande medisin. Men så spør ho han så mildt, om ho kunne få vera så snill og gå på kjøkenet og henta eit par brødskiver og drikke til han. Og han får samla seg til eit ja til dette.
Så fell det ein slik ro over han at han klarer setja seg ned i fellesrommet og ta imot denne ekstra frukostgesten. Og morgonen hans blei annleis. Etterpå måtte eg seia til henne: «Det var eit vedunderleg spørsmål».
Flere saker
Hanna Skotheim
Hun jobber side om side med dem som bor i de utsatte områdene
Morten Gloppestad von Krogh er velferdsviter og leder i FOs nye landsdekkende klubben for statlige ansatte i Nav.
Simen Aker Grimsrud
– Vi trenger en leder som vil se på hele Nav-strukturen med nye øyne
Julianne Ferskhaug, byråd for sosiale tjenester i Oslo, er svært fornøyd med den nye handlingsplanen for rusfeltet i Oslo.
Hanna Skotheim
– Vi skal være byen som er flinkest på ruspolitikk
Kritiker Lone Bodot er en av dem som deler boktips for sosialarbeidere.
Helge Skodvin
Disse bøkene bør velferdsstatens hjelpere lese
Bengt synes det skrives for mye negativt om barnevernet. Selv er han fornøyd med hjelpen han fikk og vil gjerne rose barnevernet.
Hanna Skotheim
– Barnevernet har hjulpet meg med å være en god pappa
Siv Anita Haukdal er årets tillitsvalgt i FO og ble overrakt heder og ære av FO-leder Marianne Solberg.
Aslak Borgersrud

