Disputas
Erlend Walseth
Erlend Walseth disputerte i februar 2025 ved Høgskulen i Volda men avhandlinga «Rett person til rett tid? Ein studie av spenningar og dilemma i aktiverande samtalar i NAV».
Privat
Avhandlinga undersøker samtalane i NAV som uttrykk for nokre fundamentale spenningar som er innleiret i roller og kontekst, og som blir gjort levande i konkrete møte.
NAV-reforma medførte at tre ulike tenester og etatar, Trygdeetaten, Aetat og det kommunale sosialkontoret, vart slått saman for å effektivisere og betre tenesteutforminga, med hovudmål om å betre overgangen til arbeid.
Avhandlinga har tre kasus. Kasuset «Møte med den lunka byråkraten» handlar om Roy som kjem til møtet med ynskjer om praktisk hjelp, men som opplever at denne fordringa snarare medfører at rettleiaren hans trekkjer grenser for rolle og innsatsområde. Kasuset «Møte med hjelparen» handlar om Kristine sin harde kamp for truverd og om utfyllinga av ei verdig brukarrolle i møte med sine nye rettleiar. Kasuset «Møte med handhevaren» handlar om Tor, som ynskjer ei periode med ro og kvile i startfasa av AAP-løpet – men som veit at han ikkje kan seie det. Samtalen vert prega av forhandlingar, og av ein ung mann som på den eine sida ikkje svarar på spørsmåla frå rettleiaren sin, og som på den andre sida gjer det han kan for å stå fram som vaken og energisk.
Velferdsarbeid aktualiserer ulike velferdslogikkar, og det har blitt hevda at yrkesrollene i dei tre tidlegare etatane hadde ulike, og til dels vesensforskjellige, handlingsorienteringar. Walseth ser spenningane i samtalane som uttrykk for spenningar mellom ulike, og fundamentale, velferdslogikkar, som ein gong hadde eit privilegert rom i kvar sin etat og teneste.
Zacka (2017) hevdar at yrkesutøvinga til dei profesjonelle i fyrstelinja vert prega av slike spenningar og dilemma, og at den profesjonelle ofte hamnar i spenningar mellom det å vere ein mistenksam handhevar, ein varm omsorgsperson og ein lunka byråkrat. Avhandlinga undersøker spenningane i samtalane som uttrykk for spenningar mellom ulike posisjonar og velferdslogikkar, og hevdar at samtalane vert uttrykk for at den nye aktiveringslogikken dominerer, men ikkje er heilt eksklusiv. Her er ulike rollesett som aktørane forhandlar om, og dette er uttrykk for at «det nye» ikkje heilt eintydig erstattar «det gamle»: Her er spenningar mellom fundamentale velferdslogikkar, og rettleiarane må navigere og veksle mellom ulike logikkar og veremåtar om dei skal fylle ut heile rolla si.
E-postadresse: walseth@hivolda.no