Som mange andre småjenter, var eg den stolte eigar av ei minnebok. Mi hadde mørkegrønt og lysegrønt omslag, og bilete av ei tøff jente på framsida – alt i tråd med 70-talet sine rådande verdiar på både motefront og kvinnefront.
Her fikk klasseveninner og andre privilegerte formulere blomande poesi,
teikne små kunstverk i margen, samt klistre inn vakre glansbilete med
glitter på. Innhaldet femna både tre ord på snei, druer er søte, kråker på
taket og forglem meg ei.
Minnet med størst slagkraft for ettertida,
blei imidlertid produsert av veslesyster Karen som nett hadde lært seg å
skrive. Med bokstavar som vifta i alle retningar, men med ei forståing av at
ting skulle rime, kom setninga: systra mi er kjek å grei – eg og er grei! Eg
huskar at orda spreidde ein glad varm klump i magen. Karen var rett nok
ikkje så himla god til å teikne og ikkje hadde ho glansbilete med glitter
heller, men i ein kvardag prega av knallhard kamp og systerrivalisering var
det av stor verdi for meg å få vite at eg var grei. Ei anna viktig
erkjenning var at om eg var grei så innebar ikkje dette automatisk at Karen
ikkje var grei – slik regelen ofte elles var i dei familiære kampane om
sanninga og tilgangen til gunstige posisjonar i det heimlege hierarkiet.
Som sosionom har eg også to profesjonssøsken. Det er
barnevernpedagogbroren og vernepleiarsystera. Vi er ein spennande
søskenflokk med mykje å by omverda på. Vi har viktige faglege perspektiv,
høgt kompetansenivå, ein krevjande arbeidskvardag og konkrete tenester som
er avgjerande for at mange menneske i Noreg skal få den hjelpa dei treng for
å leve eit best muleg liv. Samstundes erkjenner vi at søskenflokken står
overfor ulike former for ytre press. Vi veit at sosialfaget i mange
samanhengar vert kraftig utfordra av helsefaget, vi veit at enkelte ynskjer
å erstatte ”dyr” høgskuleutdanna arbeidskraft med billig ufaglært og vi veit
at kutta i offentleg sektor også rammar den jobben vi tradisjonelt har gjort.
Tida er slik inne for å marknadsføre den vesle søskenflokken vår:
Barnevernpedagogar, sosionomar og vernepleiarar. Dette fordrar at vi evnar å
formulere kompetansen vår og vise fram kven vi er. I samband med
samanslåinga av tre forbund til det nye FO, var det viktig å etablere ein
felles identitet. Dette har vi lukkast godt med – og dei aller fleste
trivest godt i FO-fellesskapet. Men som veletablert organisasjon har vi no
sett at vi fint kan halde fast på organisasjonsfellesskapet, og samstundes
utvikle dei tre ulike profesjonsidentitetane. Dette inneber at vi ikkje
berre kan framheve felleskompetansen vår, men også særkompetansen.
FO har vidare valt ein profil dei siste åra, der vi ikkje berre viser fram
grunnutdanningane våre, men også spisskompetansen. Slik håper eg at vi skal
greie å vise fram kva som er det særlege bidraget frå barnevernspedagogane,
sosionomane og vernepleiarane. At vi skal greie å formulere styrken vår på
ein slik måte at arbeidsgivarar og styresmakter ser behovet for vår
kompetanse. Det handlar ikkje om å kvesse knivane i kampen om retten til å
eige spesielle arbeidsfelt, men heller å vise fram korleis vi kan nytte
særpreget vårt og fellesskapet vårt til å bygge tenester av høg kvalitet.
Det handlar om å seie at systra mi er kjek og grei – eg og er grei!
Vi i FO har allereie starta dette arbeidet. På sentralt hald har vi blitt
samde om å sette ned ei gruppe med representantar frå dei tre ulike
seksjonsråda, som skal arbeide med å formulere ut ein profil for dei tre
profesjonane våre. Vi skal vidare halde fram denne debatten i landsstyret
til hausten. Mi oppfordring er at de som FO’arar også lokalt tek fatt på
denne jobben. At vi som eit landsdekkande fellesskap skal finne fram til
måtar å fremje dei glimrande merkevarene som barnevernspedagogen, sosionomen
og vernepleiaren faktisk er.
FO tar i bruk ny verveteknologi. En app for smarttelefon skal være med og sørge for at det blir minst 500 flere yrkesaktive medlemmer i løpet av kommende halvår. Les mer
Det er bedre samfunnsøkonomi å møte rusavhengige psykiatripasienter ute på gata enn å legge dem inn. Det mener overlege Jan Fredrik Andresen, som legger ned Tverrfaglig enhet for dobbeltdiagnose (TEDD). Les mer
Cache-Control: max-age=300, groups=/componada-knata, /mittari-grundtal, /mittari, /mittari.pub.2828552, /relax-knuff, /pub2828552, /relax-blixt, /error500, /sec41597, /sec41668, /art2472159, /art5908730, /art5839945, /art1908198, /art5549893, /art5880721, /art5774776
X-Trace-App: [componada ; knata.api.kunder.linpro.no ; Sun Feb 05 00:49:32 CET 2012]
X-Trace-App: [relax ; blixt.api.kunder.linpro.no ; Sat Feb 04 15:48:17 CET 2012]
X-Trace-App: [relax ; knuff.api.kunder.linpro.no ; Sat Feb 04 13:07:34 CET 2012]
X-Trace-App: [mittari ; grundtal.api.kunder.linpro.no ; Sun Feb 05 00:48:20 CET 2012]
Cache-Control: max-age=300, groups=/componada-dold, /mittari-grundtal, /mittari, /mittari.pub.2828552, /relax-knuff, /pub2828552, /relax-blixt, /error500, /sec41597, /sec41668, /art2472159, /art5908730, /art5839945, /art1908198, /art5549893, /art5880721, /art5774776
X-Trace-App: [componada ; dold.api.kunder.linpro.no ; Sun Feb 05 00:49:32 CET 2012]
X-Trace-App: [relax ; blixt.api.kunder.linpro.no ; Sat Feb 04 15:48:17 CET 2012]
X-Trace-App: [relax ; knuff.api.kunder.linpro.no ; Sat Feb 04 13:07:34 CET 2012]
X-Trace-App: [mittari ; grundtal.api.kunder.linpro.no ; Sun Feb 05 00:45:16 CET 2012]